Ingen streik i Tyrilistiftelsen

av | 8. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Fire timar på overtid blei det semje i meklinga mellom Spekter, Fellesorganisasjonen (FO) og Fagforbundet. Dermed blir det ikkje streik i Tyrilistiftelsen, som driv med behandling av rusproblem.

Meklinga blei avslutta klokka 4 natt til tysdag, etter at den opphavlege fristen gjekk ut ved midnatt, opplyser Riksmeklaren.

– Spekter og Tyrilistiftelsen er fornøgde med å ha vorte samde med LO/Fagforbundet/FO i mekling. Dermed unngjekk ein ein streik som på sikt kunne ha ramma tilbodet til pasientane, seier administrerande direktør Anne-Kari Bratten i Arbeidsgiverforeningen Spekter.

Stridsspørsmålet har vore arbeidstid, og partane er samde om å starte ein prosess for å endre arbeidstidsordningane. Det blir ein full gjennomgang av den noverande ordninga, og målet er å få på plass betre ordningar som kan avtalefestast i mellomoppgjeret 2027, opplyser Fagforbundet.

– Vi er fornøgde med at vi no kan setje oss ned og sjå på dette saman. Det har vore avdekt store forskjellar på timetalet dei tilsette jobbar. I fleire tilfelle har tilsette jobba meir enn rett er. Prosessen vi no skal ha med arbeidsgivar, vil vere langt meir omfattande enn vi klarte å lande i løpet av meklingsnatta, seier forbundsnestleiar Line Tollefsen.

– Eg er godt fornøgd med meklingsresultatet og håpar medlemmene røystar ja i uravrøystinga, seier Camilla Svendsen, FOs hovudtillitsvalde i Tyrilistiftelsen.

Partane er også samde om eit lønnstillegg i tråd med frontfaget.

Om dei ikkje hadde vorte samde, ville seks tilsette ha blitt tekne ut i streik frå tysdag.

Den ideelle Tyrilistiftelsen driv behandling av vaksne med rusavhengnad og er blant dei største aktørane i landet.

(©NPK)