Se og Hør-journalist må betale Høiby-bot

av | 8. september 2026 | 0 kommentarer


(NPK-NTB): Høgsteretts ankeutval har forkasta Se og Hørs anke på rettargangsbota på 24.000 kroner som ein Se og Hør-journalist fekk.

Både journalist Anders Johan Stavseng og Se og Hør tek avgjerda til etterretning, opplyser redaktør Niklas Kokkin-Thoresen til Journalisten.

– Vi har fått ei nyttig og viktig avklaring frå Høgsteretts ankeutval, seier han.

Bota blei gitt fordi Se og Hør publiserte fornamnet på ein av dei fornærma i rettssaka mot Marius Borg Høiby.

Journalisten har forklart at fornamnet ved ein feil blei skrive i ei nyheitsmelding og var synleg i rundt eitt minutt. Se og Hør har beklaga hendinga.

Også Se og Hør har fått ei rettargangsbot på 400.000 kroner. Også denne er anka, men det har ikkje komme noka rettsavgjerd førebels.

(©NPK)