Leiaren for den saudi-leidde militærkoalisjonen som kjempar mot houthiane i Jemen, seier at houthiane angreip provinsen Najran sør i Saudi-Arabia torsdag.
– Houthi-terroristmilitsen utførte desse terrorangrepa ved omsynslaus eldgiving mot sivile, skriv talsmann for koalisjonen Turki al-Maliki i eit innlegg på X natt til fredag.
Angrepet er eit brot på folkeretten, legg han til.
Koalisjonen skal halde fram med «avskrekkande tiltak» for å verne sivile mot fleire angrep, uttaler han.
Tidlegare torsdag vart minst 58 regjeringssoldatar i Jemen drepne i eit houthi-angrep, opplyser ei militærkjelde til nyheitsbyrået AFP.
Angrepet er det dødelegaste i sitt slag sidan ei våpenkvile tredde i kraft på papiret i 2022, ifølgje ein militærtenestemann.
Houthiane stadfestar at opprørarane angreip stillingane til regjeringsstyrkane med ballistiske rakettar og dronar.
Talsmann for militsen Yahya Saree sa torsdag at angrepa var eit svar på ei påstått militær oppbygging støtta av Jemens naboland Saudi-Arabia, som gjekk til krig mot houthiane i 2015.
Natt til fredag hadde houthiane enno ikkje kommentert meldingane frå Saudi-Arabia om at elleve sivile er såra.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106808](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/mQtwMQri3KY.jpg)



0 kommentarer