Det seier talsperson for det russiske utanriksdepartementet Maria Zakharova.
– Vi har fleire gonger åtvara om at britiske militærmål både i og utanfor Ukraina kan bli angrepsmål som svar på ukrainske angrep med britiske våpen, seier ho.
Storbritannia opna tidlegare i veka for å gi Ukraina tilgang på hemmelegstempla teknologi, slik at landet kan starta eigen produksjon av langtrekkjande kryssarmissil av typen Storm Shadow.
– Eitt steg unna
Ifølgje Zakharova er London no «eitt steg unna» å gjera seg medskuldig i «terrorisme» mot russiske sivile, noko som ifølgje henne kan få «katastrofale følgjer» for britane.
– Den britiske leiarskapen bør nøye analysera situasjonen og med ein gong og på utvitydig vis forlata den fiendtlege og aggressive linja, seier ho.
– Den kan få konflikten til å eskalera til eit heilt nytt nivå, sa Zakharova.
– Leikar med elden
Frankrike har alt gitt Ukraina lisens til å produsera dei britisk-franske Storm Shadow-missila og leikar derfor også med elden, åtvarar ho.
Storm Shadow-missila har ei oppgitt rekkevidd på 550 kilometer og kan dermed nå mål langt inne i Russland.
Ukraina har fått mange slike missil frå Frankrike og Storbritannia i løpet av krigen, og ei rekke russiske skip er senka ved hjelp av dei.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113339](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/7lhrD__Ud_c.jpg)


0 kommentarer