Russland opnar for utanriksministermøte med USA

av | 20. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB–NPK): Russlands og USAs utanriksministrar er til stades på toppmøtet i Manila denne veka. Russland er open for eit møte mellom dei.

USAs utanriksminister Marco Rubio er til stades på Asean-toppmøtet i Manila på Filippinane denne veka, til liks med Russlands utanriksminister Sergej Lavrov.

I helga uttala Rubio at han var open for eit fysisk møte med den russiske kollegaen sin, men at ingenting var avtala. No uttalar altså Kreml at dei er positive til eit slikt møte.

– Kontakt mellom utanriksdepartementa og gjennom diplomatiske kanalar er sjølvsagt av teknisk karakter, men dersom det skulle skje eit møte på utanriksministernivå, ville me absolutt ønskt det velkommen, seier Kreml-talsperson Dmitrij Peskov måndag.

Han seier det ikkje har vore kontakt mellom Washington og Moskva dei siste dagane.

Noregs utanriksminister Espen Barth Eide er også i Manila denne veka i samband med det årlege utanriksmøtet, som er den største utanrikspolitiske møteplassen av sitt slag i Asia. Målet er å fremja politisk, økonomisk, tryggingspolitisk og kulturelt samarbeid mellom medlemmene. I tillegg deltek ei rekkje land frå Europa, Afrika og Latin-Amerika. Noreg har status som sektordialogpartnar.

(©NPK)