Rundt 45.000 kan ta farvel ved kong Haralds båre

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK– NTB): Tysdag opna Slottskapellet for sørgjande nordmenn som vil ta farvel ved kong Haralds båre. Fram til gravferda vil det vera kapasitet til at rundt 45.000 får moglegheita.

Kongehuset opplyser til NTB at i snitt 738 personar i timen defilerte forbi båra tysdag, og seier det er omkring det som er kapasiteten dei har. Defilering betyr at dei som ønskjer, kan gå sakte forbi båra for å ta farvel med kong Harald.

På grunn av lang kø fekk publikum defilera heilt fram til klokka 19.30, og sluttalet vart 4059 besøkjande denne første dagen, der dei opna klokka 14.

Frå og med onsdag er Slottskapellet ope åtte timar for publikum kvar dag, i sju dagar fram til tysdag 8. september, dagen før gravferda. Opningstidene er klokka 10-18.

Gitt at kapasiteten blir på same nivå som tysdag, vil rundt 45.000 personar kunna få teke eit siste farvel ved båra til kong Harald før gravferdsdagen.

(©NPK)