Kongens gravferd: Alle andre gravferdsseremoniar i Oslo blir flytta

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): På dagen for kong Haralds gravferd blir alle andre gravferdsseremoniar i hovudstaden flytta til andre dagar. Nasjonalt blir det også justeringar.

– Oslo kyrkjelege fellesråd har gått ut med beskjed om at det blir sperra for seremoniar i kyrkjelege lokale og med kyrkjeleg medverknad på gravferdsdagen for Kong Harald, onsdag 9. september. Gravplassetaten i Oslo har stilt seg bak dette, skriv Jølstad gravferdsbyrå til NTB.

Det er dei som har fått oppdraget med gravferda til kongen.

– Dei få seremoniane som allereie var lagde til neste onsdag i Oslo, har vorte flytta, i godt samarbeid med dei respektive etterlatne. Av byråa våre er det berre byrået i Oslo som vart ramma av dette, skriv Jølstad vidare.

Kyrkjeleg fellesråd i Oslo stadfestar opplysninga overfor NTB.

Nasjonale justeringar

Gravferdsdagen fører også til nasjonale justeringar.

Tysdag sende leiinga i Den norske kyrkja ut melding til kyrkjer over heile landet med ei tilråding om at det ikkje blir gjennomført gravferder i tidsrommet 13 til 15.30 på gravferdsdagen.

– Likevel kan det vera situasjonar og forhold som gjer at gravferder ikkje lèt seg flytta. Bruk lokalt skjønn i møte med desse situasjonane, og vurder å flytta allereie planlagde gravferder til før/etter desse klokkesletta, heiter det i meldinga som NTB har fått tilgang til.

Tradisjonsrik gravferd

Kong Haralds gravferd blir onsdag 9. september klokka 13. Preses Olav Fykse Tveit skal leia seremonien i Oslo domkyrkje.

Domkyrkja var også staden både kong Haakon VII vart gravlagd i 1957 og kong Olav i 1991.

Kong Harald sovna fredag morgon stille inn på Rikshospitalet, 89 år gammal. Båra står no i Slottskapellet kvar alle som ønskjer det, kan ta eit siste farvel. På opningsdagen besøkte 4000 det vesle kapellet, som ligg i nordfløya av Slottet.

(©NPK)