(NTB-NPK): Universitetet i Oslo ønskjer prinsesse Ingrid Alexandra velkomen med ei offisiell mottaking på første studiedag måndag klokka 10.
Prinsessa skal ta emne ved det samfunnsvitskaplege fakultetet som utvekslingsstudent frå Universitetet i Sydney.
Rektor Ragnhild Hennum, dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet Anne Julie Semb og leiar av studentparlamentet Anna Bergum Furset vil vere til stades for å ønskje henne velkommen.
Universitetet opplyser om at dette blir det einaste offisielle arrangementet tilknytt studia til prinsessa ved UiO. Etter velkomsten vil ho vere ein ordinær student ved universitetet.
Prinsessa er på utveksling til hovudstaden for å vere nærare familien i lys av kronprinsesse Mette Marits helsesituasjon. Ho gjekk gjennom ein lungetransplantasjon i juni.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106688](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/cbu4g_PoaVg.jpg)



0 kommentarer