– Det er ikkje vedteke noko om nye frimerke med den nye monarken per no, seier pressesjef Kenneth Pettersen i Posten til NTB.
– Dette er noko vi begynner å tenkje på først no, legg han til.
Både ved tronskiftet i 1957 og i 1991 blei det i etterkant av at kongen var død, starta prosessar med å byte ut dei eksisterande frimerka med nye. Då kong Harald blei konge i 1991, tok det vel eit år før det kom nye frimerke med ansiktet hans.
– Historisk sett har kongehuset vore sjølvskrivne motiv på norske frimerke. Denne tradisjonen går heilt tilbake til 1856 med motiv av kong Oscar, seier Pettersen.
– Dei kongelege frimerka har alltid vore veldig populære motiv, seier han.
Det har også vore vanleg å trykkje opp nye opplag med myntar med ansiktet til monarken. Dette vil ikkje skje med det aller første, ifølgje Noregs Bank.
– I Noreg er det låg etterspurnad etter mynt, og det er for tida ikkje behov for å produsere nye myntar. Det går derfor heller ikkje føre seg ein prosess med å utvikle eller forme ut nye myntar. Dette gjeld alle myntvalørar. Dagens myntrekke vil framleis vere gyldig betalingsmiddel i mange år framover, sa kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard til Dagbladet Børsen i helga.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #114659](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/yhx2_RdXLTU.jpg)



0 kommentarer