Fleire svenske medium har meldt at dei to er deltakarar i «Let’s dance», men no stadfestar nordmennene det sjølv – på svenske «Nyhetsmorgon».
Petter Northug er kjend for å ha stor sjølvtillit i skisporet, men den tek han ikkje med seg på dansegolvet.
– Eg har null sjølvtryggleik når eg inntek dansegolvet, seier han ifølgje Aftonbladet.
Også Gunnarsen trur det blir ein utfordrande haust.
– Det er veldig nytt for meg, men eg liker nye utfordringar, seier han.
Han stiller utan tvillingbroren Marcus, den andre halvdelen av «Marcus & Martinus». Årsaka er rett og slett at det var Martinus som hadde mest lyst, fortel han.
– Men eg veit at han kjem til å sjå på, heime eller her, seier han.
«Let’s dance» har premiere i Sverige 21. august.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104819](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/kIJH7c_rc1k.jpg)



0 kommentarer