Ny undersøking: Ein femdel av salsklar fisk var tydeleg smitta av parasittar

av | 31. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Havforskingsinstituttet har undersøkt parasittar frå norske fiskemottak. Der fann dei at ein femdel av fisken var «openbart smitta av synlege parasittar».

Havforskingsinstituttet har gjort undersøkinga på vegner av Mattilsynet, skriv dei i ei pressemelding.

«Openbert smitta av synlege parasittar» er eit formelt omgrep som inneber at ein kan sjå parasittane med eit kjapt blikk.

Ved nærare inspeksjon hadde ein tredel av fisken synlege parasittar.

Brosma var den mest smitta fisken, følgd av sei, torsk, lange og hyse.

– Dei fleste tydeleg kontaminerte produkta kunne vore unngått ved grundigare reinsing av bukhola for restar av innvolar, og dessutan betre rutinar for sluttkontroll av verksemdene, seier parasittolog Miguel Bao-Dominguez.

Det er hovudsakleg kveis som blei funnen på fisken. Kveis er eit samleomgrep for ei rekke rundormar som er vanlege i fisk i sjøen.

Frysing eller varmebehandling drep ormane. Menneske kan bli sjuke av å ete rå fisk med kveis.

(©NPK)