– Me såg henne først for omtrent éin månad sidan på satellittbilete frå i sommar. I fjor hadde den nesten vorte ei øy, og radarbilete viser at ho smelta fram på seinhausten i fjor, seier breforskar Geir Moholdt ved Norsk Polarinstitutt i ei pressemelding.
Øya er på storleik med Frognerparken i Oslo og ligg på søraustkysten av Austfonna i Harald V Land. Ho har tidlegare vore landfast, men rask issmelting har opna eit strede på rundt 400 meter.
Mykje tyder på at trenden vil halda fram, og at fleire nye øyar kjem til å dukka opp, ifølgje Norsk Polarinstitutt.
– Breane på Svalbard er i ferd med å trekkja opp på land. Etter kvart som dei trekkjer seg tilbake blir fjordane lengre, og breane vil til slutt liggja heilt på land. Samtidig blir dei tynnare på grunn av varmare somrar med stor smelting, seier Moholdt.
– Dei siste åra har brear på Svalbard mista meir enn 1 meter is på overflata i snitt per år. Det er langt meir enn det som tidlegare er observert, seier han.
Det endra landskapet krev at karta over Svalbard må oppdaterast av tryggingsomsyn.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116693 Oaa109ym04k](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/OAA109Ym04k.jpg)



0 kommentarer