Det er sendt ut oransje farevarsel i store delar av Spania, varslar det meteorologiske instituttet i landet, Aemet.
Særleg sentrale område på fastlandet er råka, men òg øygruppa Balearane, som omfattar mellom anna Mallorca og Ibiza. Den norske vêrtenesta Yr varslar opp mot 37 grader på Mallorca kvar dag fram til laurdag.
Dalar er utsette
Stilleståande luft i kombinasjon med varme som kjem inn frå Nord-Afrika, er årsaka til varmen.
Det er spesielt øygruppa som er omfatta av skogbrannfare, ifølgje meteorologane.
Blant dei hardast råka områda er heilt søraust i landet, der det er venta temperaturar på mellom 42 og 44 grader. Spesielt dalar er utsette, som til dømes Valle del Guadalhorce rett utanfor Malaga.
Populært turistmål
Spania sette varmerekord under hetebølgja i juni med gjennomsnittstemperatur gjennom eit døgn på over 28 grader.
Spania er òg eit populært reisemål for nordmenn. I 2025 tok nesten 1,4 millionar nordmenn turar til Spania, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Berre Sverige tok imot fleire nordmenn på utanlandstur.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #101490](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/lenHkQGVj0g.jpg)



0 kommentarer