Undersøkinga viser at nordmenn er bekymra over situasjonen i verda i dag.
Nesten seks av ti trur ein ny væpna konflikt vil bryte ut i Europa dei neste ti åra, og meir enn seks av ti meiner demokratiet er i tilbakegang i verda.
Israel øvst
PRIO har gjennomført den årlege undersøkinga si om nordmenns syn på krig og fred.
Respondentane vart bedne om å vurdere kor sannsynleg det er at ti ulike lands handlingar vil bidra til at ein storkrig bryt ut dei neste ti åra.
Israel hamna øvst, med eit snitt på 8,3 på ein skala frå 1 til 10, så vidt føre Russland (8,1). USA kom på tredjeplass (7,5), følgt av Iran (7,4).
Utvikling i Midtausten
PRIO oppsummerer at funna tyder på at nordmenns oppfatning av global tryggleik ikkje berre blir forma av Russlands krig i Ukraina, men i aukande grad også av utviklinga i Midtausten.
– Eit av dei mest slåande funna er at nordmenn vurderer Israel og Russland som omtrent like sannsynlege til å bidra til ein framtidig stormaktskrig, seier fungerande direktør ved Institutt for fredsforsking (PRIO), Haakon Gjerløw, i ei pressemelding.
– Det viser kor raskt folks oppfatning av internasjonal tryggleik kan endre seg i takt med igangverande konfliktar, legg han til.
Meir konflikt
Sju av ti meiner det er meir væpna konflikt i verda i dag enn for 20 år sidan, og nesten seks av ti meiner fleire menneske døyr som følgje av væpna konflikt enn for to tiår sidan.
PRIO peikar på at desse oppfatningane gjenspeglar eit tryggingspolitisk landskap i forverring.
I fjor opplevde verda 65 statsbaserte væpna konfliktar i 35 land, det høgaste talet registrert sidan andre verdskrigen, ifølgje PRIOs siste rapport Conflict Trends: A Global Overview.
– Det er no mange stader rundt om i verda der situasjonen er anstrengd, som Europa, Afrikas horn, Midtausten, Sør-Asia og Sør-Kina-havet, og det er svært vanskeleg å vite kvar den neste krisa vil oppstå, seier Gjerløw.
Noreg skjerma?
Likevel ser nordmenn ut til å tenkje at Noreg er skjerma frå farane.
Medan seks av ti ventar ein ny krig i Europa i løpet av tiåret, trur berre 28 prosent at ein krig er sannsynleg på norsk jord, og nesten halvparten meiner det er usannsynleg, viser undersøkinga, som vart gjennomført av YouGov på oppdrag frå PRIO i juni. Undersøkinga har vore gjennomført årleg sidan 2023.
Eit nasjonalt representativt utval på 1 022 norske vaksne deltok.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #107745](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/WlYm48Nhn-A.jpg)



0 kommentarer