(NPK-NTB): Nordic Minings dotterselskap Engebø Rutile and Garnet AS har vorte samde med obligasjonseigarar om ei mellombels finansieringsløysing på nær 70 millionar kroner.
Løysinga er venta å halde Nordic Mining flytande til midten av oktober, skriv E24.
«Dette er ventet å sikre selskapet gjennom viktige avklaringer fra den norske regjeringen om utslippstillatelsen for driften på Engebø», skriv selskapet i ei melding.
Høgsterett har slått fast at utsleppsløyve til staten for deponering av avfall i Førdefjorden var ugyldig. Selskapet har fått drive gruva i Engebøfjellet vidare i påvente av behandlinga til staten av ein søknad om mellombels utsleppsløyve. Nordic Mining ventar ei avgjerd frå regjeringa i september.
(©NPK)




0 kommentarer