Det er Justis- og beredskapsdepartementet som etter tilråding frå politiet har vedteke at dette tiltaket skal innførast i samband med gjennomføringa av gravferda til Kong Harald den 9. september.
– Innføring av indre grensekontroll gir politiet tilgang til å innhente meir informasjon enn vi normalt har tilgang til. Dette kan gi grunnlag for målretta kontrollar. Målet er å forhindre at personar eller miljø som ønskjer å forstyrre arrangementet, reiser inn i Noreg. Tiltaket vil i liten grad få følgjer for alminneleg reiseverksemd i perioden eller skape forseinkingar ved grensepassering, seier politidirektør Håkon Skulstad i ei pressemelding.
Noreg vil vere vertskap for mange høgt verna internasjonale gjester, og mange kjem etter alt å dømme via Oslo lufthamn. Fleire kongelege og statsoverhovud har stadfesta at dei vil delta i gravferda.
– Målet vårt er å vareta tryggleiken til både innbyggjarar og dei internasjonale gjestene som kjem til Noreg i samband med den nasjonale sørgjeperioden, seier politimeister Cecilie Lilaas-Skari i Aust politidistrikt.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116297 Pqdl58ql1po](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/Pqdl58QL1po.jpg)



0 kommentarer