Nordea spår rentehopp i september – og ingen kutt før i 2028

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Inflasjonen vil truleg ta seg opp att, ventar Nordea. Dei spår at styringsrenta blir sett opp til 4,5 prosent i haust, for så å bli liggjande der ut 2028.

Då Noregs Bank i fjor kutta renta to gonger, var det basert på forventningar om at den underliggjande prisveksten gradvis skulle minke frå rundt 3 prosent.

Men slik gjekk det ikkje. Prisveksten auka ytterlegare på slutten av fjoråret og på nyåret, og arbeidsløysa minka noko. Samtidig har Iran-krigen ført til auka oljepris og fraktratar, noko som hevar inflasjonsrisikoen framover.

Det er venta ny renteauke.

Noregs Bank vedtok følgjeleg i mai å heve styringsrenta med 0,25 prosentpoeng, opp til 4,25 prosent.

Etter at renta vart skjerpa, kom ein sommar med lågare inflasjonstal enn anslått i både juni (2,7 prosent) og juli (3 prosent).

Likevel er nok eit rentehopp i vente når banken tek si neste renteavgjerd 24. september, trur Nordea.

– Sjølv om uvissa rundt det underliggjande prispresset har auka med inflasjonstala som har komme i sommar, lener vi oss mot at Noregs Bank hevar renta ein gong til i løpet av hausten, skriv sjeføkonom Kjetil Olsen og seniorstrateg Sara Midtgaard i Nordea i makrorapporten Economic Outlook.

Tok sigeren på forskot.

– Sentralbanken sit med ein inflasjon som overraska litt i sommar, men han er framleis for høg, og vi trur han tek seg opp litt igjen, seier Olsen til Norsk Telegrambyrå (NTB).

Dei to peikar på at andre mål på underliggjande prisvekst ikkje viser teikn til å minke, men heller halde seg høgt på rundt 3,5 prosent.

Banken meiner i tillegg det er grunn til å tru at kjerneinflasjonen (KPI-JAE), som no er 2,7 prosent, vil ta seg opp igjen og halde seg rundt eller litt over 3 prosent ut året.

Sentralbanken «erfarte gjennom fjoråret at det kan vere kostnader med å ta sigeren på forskot», skriv Olsen og Midtgaard.

– Denne gongen vil dei derfor truleg ønskje å vere heilt sikre på at inflasjonen kjem ned til inflasjonsmålet før dei eventuelt byrjar å lette pengepolitikken igjen. Vi ser derfor ikkje for oss rentekutt før i 2028, og då berre ned til 4 prosent, eit nivå som mest truleg ikkje er veldig langt unna eit nytt normalnivå for styringsrenta, skriv dei.

Litt auka arbeidsløyse og litt lågare vekst.

Banken anslår at Fastlands-BNP vil auke med 1 prosent i 2026, ned frå ein auke på 1,7 prosent i fjor. For 2027 og 2028 er anslaga høvesvis 1,1 og 1,5 prosent.

Nordea ventar også at arbeidsløysa vil stige noko dei neste åra, frå dagens 2,1 prosent til 2,3 prosent i slutten av 2028.

– Det kjem dels av snuoperasjonen til Noregs Bank, og dels at oljeinvesteringane er i ferd med å minke litt etter å ha stige mykje. Det gjer at vekstimpulsen blir litt mindre enn den har vore, seier Olsen.

På plussida trekkjer banken fram fleire forhold. Trass i uro globalt, har eksporten frå fastlandet stige mykje som følgje av god marknadsvekst og svak krone.

Samtidig har det vore kraftig vekst i turismen, det er framleis venta god marknadsvekst i utlandet og også vedvarande vekst i offentleg etterspurnad. I tillegg blir det rapportert i bygg- og anleggsbransjen samla sett om ein viss vekst framover, skriv Nordea.

At det i utgangspunktet er mange ledige stillingar, kan også bidra til å dempe utslaga i arbeidsmarknaden, skriv banken.

(©NPK)