NHO Reiseliv: Færre turistar – Oslo er unntaket

av | 29. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Krigen i Midtausten har ført til færre overnattingar og turistar i Noreg samanlikna med same periode i fjor, ifølgje NHO Reiseliv.

– Tryggleik og føreseielegheit er svært viktig for gjestene. Vi har sett ein nedgang i talet på overnattingar samanlikna med rekordåret i fjor, seier Tobias Strandskog-Christensen i NHO Reiseliv til NRK.

Flyplassane i Midtausten er viktige knutepunkt for trafikken i verda. Stengt luftrom og frykt for mangel på flydrivstoff har ført til fleire avbestillingar frå turistar frå Asia, Midtausten og Oseania.

Tala på overnattingar har gått ned i heile landet, utanom Oslo. Ulike festivalar og fotball-VM kan truleg vere årsaka til auken i Oslo, ifølgje Strandskog-Christensen.

(©NPK)