Mørstadskatten frå Rena i Åmot kommune i Innlandet er den største skatten som nokon gong er funnen frå vikingtida. Det starta med 19 myntar oppdaga av brukarar av metalldetektor, før arkeologiske undersøkingar avdekte langt fleire.
Myntane stammar i hovudsak frå slutten av 900-talet og starten av 1000-talet. Dei kjem blant anna frå Tyskland og England.
Arkeologane veit enno ikkje kven som grov ned skatten, eller kvifor, men meiner at funnet kan ende på over 6000 myntar. Forskarane trur potetdyrking og pløying dei siste åra kan ha spreidd myntane og gjort at dei vart funne, ifølgje NRK Innlandet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #215043 Dol2csnuqky](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/DOL2cSnUQKY.jpg)













0 kommentarer