Organisasjonane slepp dermed å møte i retten tysdag, skriv Noah i ei pressemelding.
Miljødirektoratet har lagt vekt på at det er ein forhøgd terskel for skyting av bjørn i område der binner kan bli ramma, og at det på noverande tidspunkt finst alternative tiltak.
Statsforvaltaren gav først skadefellingsløyve for perioden 18.–25. august. Den vart så utvida til 1. september, skriv NRK.
Foreiningane har vore bekymra for ei bjørnebinne som skal vere i området.
Leiar i Noah, Siri Martinsen, seier organisasjonen er letta over medhaldet frå Miljødirektoratet.
– Det er tydeleg at det fanst andre løysingar enn å skyte binna, og det er alvorleg at Statsforvaltaren i Trøndelag ikkje vurderte desse før skadefelling vart starta.
– Regionen ligg under det allereie låge «målet» for talet på ynglingar, og ei binne vart skoten i området tidlegare i sommar. Å skyte endå ei binne strir mot styresmaktene sine eigne løfte om å verne nettopp binnene, seier Martinsen.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #114771](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/it3QVPIW2qQ.jpg)


0 kommentarer