(NTB-NPK) Ein mann i 30-åra er varetektsfengsla i fire veker etter ei valdshending på Hundvåg i Stavanger natt til onsdag.
– Han vart først sikta for kroppsskade, men opplysningar i saka har ført til at han no er sikta for drapsforsøk, seier politiadvokat Ingvild Bjørheim Krogevoll i ei pressemelding fredag ettermiddag.
Mannen vart torsdag varetektsfengsla i fire veker på bakgrunn av gjentakingsfare.
Den sikta har ikkje erkjent straffskuld.
Natt til onsdag denne veka, like før klokka 3.30, fekk politiet melding om ei valdshending på Hundvåg i Stavanger. Politiet rykte ut og kom i kontakt med den fornærma, ein mann i 20-åra, utandørs i eit bustadområde.
Det var fornærma sjølv som tok kontakt med politiet.
Begge partar er kjende for politiet frå før.
(©NPK)



0 kommentarer