Madeleine McCanns bror klar for Samveldeleikane.

av | 21. juli 2026 | 0 kommentarer

(AFP-NTB-NPK) Madeleine McCanns yngre bror Sean skal representere Skottland i dei kommande Samveldeleikane i Glasgow. Han er ein framstormande symjar.

Sean McCann var berre to år gammal då søstera Madeleine forsvann like før fireårsdagen sin under ein ferie i portugisiske Praia da Luz i 2007.

McCann er framleis sakna trass i ei mangeårig og verdsomspennande jakt på henne. Britisk politi har etterforska forsvinninga sidan 2011.

21 år gamle Sean McCann er venta å konkurrere i ei rekkje fristilsøvingar under Samveldeleikane, som startar i Skottland torsdag. Han håpar at leikane vil opne vegen for å kjempe om ein plass på Storbritannias lag til OL i Los Angeles i 2028.

Byrja tidleg

McCann er til dagleg student ved Loughborough University.

På nettsida til Joe Humphries Memorial Trust skriv 21-åringen at han har drive med konkurransesymjing sidan han var åtte år gammal. Då vart han del av ein triatlonklubb.

«Det var her eg oppdaga lidenskapen min for symjing, og eg vart med i Loughborough Town symjeklubb for å auke talet på symjeøkter eg gjennomførte», fortel han ifølgje nyheitsbyrået AFP.

No satsar McCann hardt.

«Eg trenar ni gonger i veka i bassenget, samt tre styrkeøkter, totalt over 20 timar med trening per veke», skriv han.

Har ikkje gitt opp

Det er ikkje kjent om foreldra Kate og Gerry McCann vil vere til stades under Samveldeleikane for å sjå sonen i aksjon.

I ein tale i desember i fjor sa Gerry McCann at håpet om å finne dottera Madeleine var «svakt», men ikkje «sløkt».

– Madeleine har vore sakna i 18 år, og konklusjonen er at vi framleis ikkje veit kva som har skjedd med henne, sa han til BBC.

(©NPK)