(NPK-NTB): LO tilset redaktør Tor A. Godal som ny kommunikasjonssjef. Han forlèt dermed sjefsstolen i LO Media etter snautt to år.
Godal har tidlegare vore kommunikasjonsdirektør for Universitetet i Bergen og har nesten 20 års redaksjonell fartstid i TV 2, både som redaktør og leiar for politisk avdeling. Han har også vore konstituert ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Bergensavisen.
– Med han får vi ein strategisk sterk kommunikasjonssjef med solid kjennskap til fagrørsla og norsk politikk, seier LO-leiar Kine Asper Vistnes i ei pressemelding.
Det er førebels ikkje klart når Godal overtek for Ragnhild Aasen Jacobsen, som er fungerande leiar i LOs presseavdeling.
Sjølv gler han seg til jobben hos ein viktig samfunnsaktør.
– Fagrørsla har ei heilt avgjerande rolle i samfunnet vårt, og ei sterk fagrørsle har ikkje blitt mindre viktig, seier han.
(©NPK)




0 kommentarer