Lars Sivert Lervik blir ny sjef for Etterretningstenesta

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Generalmajor Lars Sivert Lervik vart fredag utnemnd til ny sjef for Etterretningstenesta. Han vart samtidig utnemnd til generalløytnant.

Lervik kjem frå stillinga som sjef for Hæren og har tidlegare erfaring som sjef for Brigade Nord, og leiar for seksjon for nasjonal tryggingspolitikk, krisehandtering og beredskap i Forsvarsdepartementet.

Sjef for Etterretningstenesta er ei åremålsstilling på seks år.

Det er ikkje gitt dato for når Lervik byrjar i stillinga.

(©NPK)