Ny ambassadør til Jordan – tek over for Mona Juul

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Andreas Løvold blir Mona Juul sin arvtakar som norsk ambassadør til Jordan og Irak i Amman.

Det vart klart etter fredagens statsråd.

Løvold har jobba i Utanriksdepartementet sidan 2004 og kjem frå stillinga som viseambassadør til FN i New York, skriv TV 2.

Juul gjekk av som norsk ambassadør til Jordan og Irak i februar i år. Det skjedde etter at det vart kjent at ho og ektemannen Terje Rød-Larsen hadde hatt omfattande kontakt med Jeffrey Epstein.

– Juuls kontakt med overgrepsdømde Epstein har vist ein alvorleg svikt i dømmekrafta. Saka gjer det vanskeleg å gjenreise den tilliten som rolla krev, sa utanriksminister Espen Barth Eide då.

(©NPK)