Låg vasstand i Sør-Noreg: NVE ber folk følgje med

av | 22. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK) Grunnvasstanden og vassføringa er svært låge fleire stader i Sør-Noreg. NVE ber no vassverks- og brønneigarar om å førebu seg på sparetiltak.

Etter ein tørr vinter og ein varm sommar har fleire store innsjøar på Austlandet, som Mjøsa, Øyeren og Sperillen, lågare vasstand enn normalt, opplyser NVE i ei pressemelding.

– Vassmangel kan ramme mange forbrukarar og viktige samfunnsfunksjonar. NVE oppmodar derfor eigarar av mellom anna setjefiskanlegg, vassverk og brønnar til å følgje utviklinga nøye. Dersom vassmagasina er uvanleg låge, bør dei vurdere vassparande tiltak, seier seksjonssjef Torill Engen Skaugen i NVE.

Tørken blir spesielt godt merka i Langfjella, austlege delar av Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland, og dessutan vestlege delar av Innlandet, Buskerud, Telemark og Agder.

Utan betydeleg nedbør kan situasjonen bli krevjande utover sommaren, noko som kan gi utfordringar for drikkevassforsyning, landbruk og setjefiskanlegg, påpeikar NVE.

(©NPK)