– Regjeringa har sett i gang strakstiltak, heiter det i ei pressemelding.
A-krimsenteret i Tønsberg har avdekt at det jobbar personar tilknytt kriminelle miljø i 16 private barnevernsføretak i Sør-aust politidistrikt, altså Buskerud, Vestfold og Telemark.
Justis- og beredskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet fekk lagt fram rapporten i juni.
Onsdag formiddag møtte A-krimsenteret, Økokrim, justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) og barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) pressa om rapporten.
16 private selskap som leverer tenester og tiltak innan barnevern og velferdstenester, er undersøkte.
Tre av selskapa har godkjenning som barnevernsinstitusjonar og tilbyr plasseringsplassar utanfor heimen. Dei andre 13 selskapa som er undersøkte, leverer andre tenester innan velferdssektoren, eller er underleverandørar til ulike velferdsaktørar, opplyser leiar for A-krimsenteret i Tønsberg, Hege Fjær.
Skal rydde opp
Éin barnevernsinstitusjon har mista godkjenninga etter kartlegginga. Barna som budde der, er flytta.
Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) kallar avsløringa uakseptabel og svært alvorleg.
– Barna våre skal vere trygge når dei møter barnevernet, anten det er gjennom eit hjelpetiltak i kommunen eller på institusjon. Då er det openbert at personar med kriminell tilknyting ikkje har noko der å gjere som tilsette eller eigarar. Dette skal ryddast opp i, seier ho.
Alvorlege funn
– Analysen viser alvorlege funn. Den viser risiko for at kriminelle nettverk får ansvar for sårbare barn og unge. Og han viser risiko for at i utgangspunktet lovlege inntekter frå velferdstenester går til kriminelle nettverk, seier Økokrim-sjef Pål Lønseth.
Funna i analysen er eit døme på utviklinga politiet har varsla om i lang tid, påpeikar han.
– Kriminelle aktørar eller personar med tilknyting til kriminelle nettverk bruker legale verksemder som dekke for eller som reiskapar for å gjere seg skuldige i profittmotivert kriminalitet, seier han.
– Vart åtvara
Marian Hussain i SV kritiserer privatiseringa av norsk velferd.
– Vi åtvara mot dette i 2024, og no ser vi kva som har skjedd. Det er svenske tilstandar i norsk velferd. Det held ikkje å snu alle steinar. Dette viser at staten sjølv må ta ansvaret for desse barna, kommersielle krefter må ut av velferda no, seier ho.
– Barn har vorte sende rett i hendene på hallikar og andre kriminelle, det er ei skam. Her har staten svikta totalt, seier Hussain.
Raudt meiner regjeringa har vore for seint ute med å lukke døra for kommersielle aktørar i barnevernet.
– Dei har fått mange åtvaringar, mellom anna av sitt eige avkommersialiseringsutval for to år sidan. Regjeringa må no få undersøkt barnevernet i heile Noreg, innføre strenge tiltak som stengjer kriminelle ute og orientere Stortinget raskt. Det einaste rette no er å fase ut kommersielle aktørar i barnevernet, til fordel for offentlege og ideelle aktørar, seier ho.
– Dei fleste er seriøse
NHO Geneo, som mellom anna representerer barnevernsbransjen, understrekar at dei aller fleste private aktørane er profesjonelle og driv seriøst.
– Eg har ikkje lese rapporten enno, men basert på informasjonen som har komme fram i media, ser vi alvorleg på dette. Det er uakseptabelt dersom det stemmer at kriminelle nettverk opererer innanfor barnevernsbransjen, som skal vere til for dei mest sårbare barna og unge i samfunnet vårt, seier Torbjørn Furulund, bransjedirektør for barnevernsbransjen i NHO Geneo.
Det var Klassekampen som måndag avslørte koplingane til kriminelle etter å ha fått tilgang til delar av rapporten.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112848](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/NefepBPhe84.jpg)


0 kommentarer