Han vart frakta i eigen bil, og ikkje ambulanse, som enkelte medium melde tidlegare fredag.
– Det stemmer ikkje slik Se og Hør har publisert, at kongen i dag vart køyrd i ambulanse til Rikshospitalet. Kongen var i dag til planlagd kontroll og oppfølging hos lege, og vart køyrd i eigen bil, opplyser kommunikasjonssjef Guri Varpe ved Slottet til NTB.
Kongen hadde to offisielle oppdrag oppførte i kalenderen sin fredag formiddag. Først vart forsvarsministeren teken imot i audiens, og seinare vart det halde statsråd på Slottet.
Så seint som i februar var kongen innlagd på sjukehus på Tenerife. Han vart behandla for infeksjon og dehydrering i løpet av opphaldet på den spanske ferieøya.
Også under eit opphald i Malaysia i 2024 vart han innlagd på sjukehus på grunn av ein infeksjon. I etterkant fekk han operert inn ein pacemaker.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #107052](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/7ACv6MLE02w.jpg)



0 kommentarer