(NPK-NTB): Kong Haakon VIII har erklært hoffsorg fram til og med 9. oktober, éin månad etter kong Haralds gravferd.
Det opplyser Slottet i ei pressemelding.
– Hoffsorga inneber at Kongehuset avlyser alt offisielt program, med unntak av konstitusjonelle oppgåver som statsråd, Stortingets høgtidelege opning og utvalde audiensar. Under hoffsorga vil kongefamilien og tilsette ved hoffet bere mørke klede eller uniform med sørgjeband. Publikumsverksemda ved dei kongelege eigedommane vil halde stengt i perioden, heiter det.
Etter 9. oktober vil Kongehuset gradvis ta opp att offisielt program, ifølgje Slottet.
Besøk og aktivitetar i Noreg og utlandet som har vore under planlegging under kong Haralds regenttid, er som hovudregel innstilte, og Kongehusets offisielle program blir lagt på nytt.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115664](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/ibYsLCiRdKg.jpg)



0 kommentarer