Skjelvet vart målt til 6,8 i styrke og skjedde rundt 20 kilometer sør for byen Kumamoto.
Mellom anna kollapsa andre etasje på eit kjøpesenter i byen Kashima, og i ein fabrikk i byen Yatsushiro kollapsa ei pipe og gravla folk under murblokkene.
25 personar er stadfesta omkomne etter jordskjelvet, ifølgje lokale styresmakter. Ni andre dødsfall blir etterforska for å fastslå om dei var knytte til skjelvet.
Rundt 250.000 menneske har søkt tilflukt i evakueringssenter. Rundt 58.000 husstandar er framleis utan rennande vatn eller straum. Det er ikkje klart om det vil ta dagar, veker eller månader å reparere vassleidningane, ifølgje lokale tenestemenn.
Japan med sine rundt 120 millionar innbyggjarar er blant dei mest jordskjelvutsette landa i verda. Dei japanske øyane ligg over fire tektoniske plater som bevegar seg langs den vestlege kanten av Stillehavet.
Rundt 18 prosent av dei kraftigaste jordskjelva i verda finn stad i Japan.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104362](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/X-XQO14yRQ.jpg)


0 kommentarer