(AFP-NTB-NPK): Inflasjonen i eurosona auka frå 2,8 til 2,9 i juli, noko som blir knytt til auka energiprisar som følgje av krigen i Midtausten.
Kjerneinflasjonen, der energi og matvarer blir haldne utanfor, steig frå 2,4 til 2,5 prosent, viser tal frå statistikkbyrået til EU Eurostat.
Energiprisane låg i juli 10 prosent høgare enn på same tid i fjor, medan dei låg 8,5 prosent høgare i juni.
Inflasjonen i eurosona ligg framleis godt over inflasjonsmålet på 2 prosent til Den europeiske sentralbanken.
ESB-sjef Christine Lagarde åtvara førre veke om at energisjokket som følgje av at USA gjekk til angrepskrig mot Iran, «kan komme til å forsterke seg ytterlegare».
Den europeiske sentralbanken vedtok i juli å halde styringsrenta uendra, men opna døra for ei renteheving i september.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104868](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/nwZnt-AJjDA-1.jpg)



0 kommentarer