(NPK-NTB-AFP-Reuters): Eit ukjent tal personar har mista livet i ei helikopterulykke nord for den kenyanske hovudstaden Nairobi. Ingen om bord overlevde, ifølgje ei kjelde.
Ulykka skjedde onsdag formiddag i Samburu fylke.
Alle om bord omkom, opplyser ei luftfartskjelde til AFP.
– Eg kan stadfeste at ei ulykke har skjedd, det er ingen overlevande, sa ei kjelde med tilknyting til luftfart til nyheitsbyrået AFP – utan å kunne oppgi kor mange som var om bord.
Overfor Reuters stadfestar eit reiseselskap at eit helikopter med gjestene deira har styrta.
Lokale medium melder at helikopteret hadde sju turistar om bord. Årsaka til ulykka er så langt ikkje fastslått.
I ein video delt på X kan ein sjå svart røyk stige til vêrs ved foten av Mount Ololokwe, der styrten skjedde.
Mount Ololokwe er eit heilagt fjell for Samburu-folket, med ein topp som strekkjer seg 2000 meter over havet. Fjellet er eit populært turmål, og fleire selskap tilbyr flygingar over området.
(©NPK)




0 kommentarer