Bjørneboe-framsyning rykkjer inn på Roseslottet

av | 19. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Vebjørn Sand såg jubileumsframsyninga «Du og jeg og Bjørneboe» tidlegare i sommar. Til helga blir ho å sjå på Roseslottet.

– Bjørneboes tekstar er meir aktuelle enn nokon gong, seier Vebjørn Sand til NTB.

Han var i publikum då «Du og jeg og Bjørneboe» i juli vart vist på Veierland, øya i Tønsbergfjorden der forfattaren og samfunnsdebattanten budde det siste året av sitt liv.

Laurdag blir framsyninga, som hadde premiere 9. mai, vist på Roseslottet, på dagen 50 år etter at Jens Bjørneboe døydde for eiga hand.

Det er kunstinstallasjonen der Vebjørn Sand gjennom kunsten ønskjer å setje søkjelys på det han kallar «grunnpilarene i vårt frie samfunn: rettsstaten, demokratiet og humanismen».

– Bjørneboe har inspirert meg til fleire tema i Roseslottet, derfor står han der oppe i skogen som penselstrøk – saman med andre modige, seier Sand.

Bak den litterære konserten står Tomas Drefvelin og Erik Holien, musikarar og høvesvis illustratør og forfattar/idéhistorikar. Forfattar og debattant Einar Andreas Lund les utvalde tekstar frå Bjørneboes romanar, dikt og sakprosa.

«Du og jeg og Bjørneboe» skal også spelast i Larvik 11. september, på Skåtøy 12. september og avslutte på Bjørneboefestivalen i Kristiansand 15. oktober.

(©NPK)