(NPK-NTB-Reuters): Minst 21 personar mista livet, og fire andre vart skadde då ein buss og ein lastebil frontkolliderte i den brasilianske delstaten Paraná.
Ulykka skjedde på BR-373, opplyser vegselskapet Via Araucaria onsdag.
Alle dei omkomne var om bord i bussen.
Lokale medium melder at bussen som var involvert i ulykka, tilhøyrde ein kommunal helseetat.
(©NPK)



0 kommentarer