Gulowsen går av som leiar for Naturvernforbundet

av | 31. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Truls Gulowsen går av som leiar for Naturvernforbundet, opplyser han sjølv på Facebook-profilen sin. Nestleiar Pernille B. Hansen tek over som fungerande leiar.

– Etter fem spennande år som leiar for Naturvernforbundet er eventyret over. Det er trist, og ikkje ei avslutning eg ønskte, skriv Gulowsen.

I innlegget skriv han vidare at eit fleirtal i Naturvernforbundets landsstyre ikkje lenger har tillit til han som leiaren i forbundet.

– Eg går derfor av, og håpar landsmøtet i haust kan velje ei ambisiøs leiing som både tør og kan forvalte Naturvernforbundets unike posisjon i norsk natur- og miljøvern, skriv Gulowsen.

Av innlegget går det fram at avgangen kan knytast til det han beskriv som problem med arbeidsmiljøet i sekretariatet til organisasjonen.

Forbundet stadfestar i ei pressemelding at avgangen kjem etter eit ekstraordinært landsstyremøte om ei arbeidsmiljøsak som har gått føre seg over tid.

Nestleiar Pernille B. Hansen skal fungere som leiar fram til ny leiar blir vald på landsmøtet i november.

– Eg vil takke Truls for fem år saman i Naturvernforbundet. Han har vore ei tydeleg røyst for natur og klima, seier ho.

Utfordringane i arbeidsmiljøet blei avdekte i fjor, skreiv Aftenposten i vår. Då blei sentralstyret i organisasjonen orientert, og i april blei ei sak om dette behandla der og seinare i landsstyret.

(©NPK)