Vaksinegruppa ved universitetet i Oxford har vaksinert den første frivillige i det første kliniske forsøket i verda med ein vaksine mot Bundibugyo-ebolaviruset, opplyser universitetet i ei pressemelding.
Vaksinen vart sett på den 37 år gamle briten Ed Hunt i Oxford, skriv BBC. Han er den første av i alt 50 friske personar mellom 18 og 55 år som skal vere med i utprøvinga av vaksinen.
Utbrotet aust i Kongo har smitta nesten 3000 menneske. 1269 personar er stadfesta omkomne, ifølgje helsestyresmaktene i landet.
Det markerer første gong ChAdOx1 BDBV-vaksinen er gitt til menneske. Vaksinen byggjer på same teknologi som koronavaksinen frå AstraZeneca.
Vaksinasjonsprogrammet er utvikla i samarbeid med universitetets Clinical BioManufacturing Facility (CBF) og Serum Institute of India (SII). Serum Institute of India har produsert og lagra om lag 620.000 dosar på to veker.
– Saman med kollegaer ved CBF og SII har vi teke denne vaksinekandidaten frå idé til klinikk på berre åtte veker, seier David Pulido-Gomez ved Pandemic Sciences Institute.
Forsøket er finansiert av Coalition for Epidemic Preparedness Innovations (CEPI) som del av eit program verdt 8,6 millionar dollar.
– Med eit urovekkjande aukande tal Bundibugyo-tilfelle i Kongo viser denne epidemien ingen teikn til å stoppe, seier Richard Hatchett, administrerande direktør i CEPI.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #102712](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/xbGGvWRyZwQ.jpg)



0 kommentarer