Flodsvin invaderte brasiliansk delstatsforsamling

av | 5. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AP): Ein av Brasils delstatsforsamlingar vart invadert av ei gruppe flodsvin då dei folkevalde sat samla i salen.

Flodsvina kom i samla flokk og gjekk roleg gjennom inngangsdøra til delstatsforsamlinga i Cuiaba i delstaten Mato Grosso og overraska dei folkevalde, som førebudde seg på ei avstemming, 30. juli.

Bygningen ligg ved sida av ein park der det er rikt dyreliv.

Det uventa besøket vart filma av Nayara Bueno, som er tilsett i bygningen. Bueno prøvde å leie gjestene ut igjen og tilbake til parken.

– Dei viser seg her ganske ofte, så vi har vorte vande til å sjå dei, seier Bueno.

Flodsvin, også kalla kapybara, er ein stor gnagar som er i slekt med marsvin og som lever delvis i vatn i Sør-Amerika. Dei kan vege opptil 80 kilo.

Kapybaraar er rolege dyr, og besøket førre veke førte ikkje til nokon skadar på bygningen.

(©NPK)