Fakta om 22. juli-senteret

av | 22. juli 2026 | 0 kommentarer

* 22. juli-senteret vart først oppretta i 2015 i Høgblokka i regjeringskvartalet i Oslo. Det er eit læringssenter som formidlar minne og kunnskap om terrorangrepa i Oslo og på Utøya 22. juli 2011.

* På grunn av arbeidet med det nye regjeringskvartalet måtte senteret flytta til mellombelse lokale i Teatergata sommaren 2020.

* I 2022 gav Kunnskapsdepartementet Statsbygg i oppdrag å byggja eit permanent 22. juli-senter i regjeringskvartalet.

* Første spadetak for det nye 22. juli-senteret skjedde i mai 2023.

* Onsdag 22. juli 2026 opna det nye senteret, som er gratis for alle besøkjande og ope kvar dag heile veka.

(Kjelder: Kunnskapsdepartementet, 22. juli-senteret)

(©NPK)