Det var 87 000 ledige stillingar i andre kvartal. Det er ein nedgang på 8 prosent frå førre kvartal.
– Etter at talet på ledige stillingar auka førre kvartal, ser me at nivået fell for dette kvartalet, og det følgjer utviklinga me har sett dei siste åra med ein nedgåande trend, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå (SSB).
Ein fallande prosentdel ledige stillingar kan indikera ei nedkjøling i økonomien, skriv statistikkbyrået.
Desse næringane hadde flest ledige stillingar i andre kvartal:
* Varehandel: 11 400
* Pleie- og omsorgstenester i institusjon: 8500
* Helsetenester: 8100
* Sosiale omsorgstenester utan butilbod: 8000
Desse fire næringane utgjer til saman 35 prosent av alle jobbar i Noreg.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115620](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/7JBVUmigqxc.jpg)



0 kommentarer