EU investerer i internett på Grønland

av | 7. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): EU set av 100 millionar kroner til satellittbasert internett til Grønlands avsidesliggjande regionar.

Måndag underteikna leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, og Grønlands regjeringsleiar Jens-Frederik Nielsen ein avtale om å styrkje internettsambandet på Grønland via satellitt.

Underteikninga skjedde under eit besøk hos Eutelsat OneWeb Satellite i hovudstaden Nuuk, der også Danmarks statsminister Mette Frederiksen var til stades.

EU er venta å bruke litt over 9 millionar euro eller vel 100 millionar kroner på prosjektet, medan Danmark skal skyte inn 15 millionar danske kroner, nærare 22 millionar norske.

EU-midlane er ein del av ei større EU-investering på Grønland, som von der Leyen kunngjorde då ho kom til Nuuk søndag.

Forutan satellittkommunikasjon er det venta at EU vil investere i kritiske mineral, fornybar energi og datasenter. Ifølgje Financial Times utgjer finansieringspakken 200 millionar euro.

Formålet er å styrkje dei økonomiske banda mellom EU og den arktiske øya, som USAs president Donald Trump har erklært at han vil ha.

Grønland er ein sjølvstyrt del av Kongeriket Danmark.

(©NPK)