DSB skal granske brannen i Krokstadelva

av | 20. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK) Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal undersøkje kvifor brannen i Krokstadelva fekk så stort omfang.

Målet er også å sjå på kva som kan gjerast for å førebyggje liknande hendingar, skriv DSB i ei pressemelding.

Eksterne ekspertar skal bidra i arbeidet.

Brannen spreidde seg raskt mellom bustader og vidare til vegetasjonen rundt bustadområdet. Over 100 bustader gjekk tapt, og meir enn 400 personar vart evakuerte. Ingen menneske mista livet.

– Først og fremst er vi svært glade og letta over at ingen liv gjekk tapt. Samtidig er dette ei dramatisk hending som har ramma svært mange menneske. Mange har mista heimen sin og store verdiar, og våre tankar går til alle som er ramma, seier Ann Christin Rognmo Olsen, fungerande avdelingsdirektør i Brann- og redningsavdelinga i DSB.

Direktoratet skal mellom anna sjå på om det er læring å hente knytt til førebygging, bygg og uteområde, sløkkjevatn, beredskap og handtering.

– Når konsekvensane blir så store, har vi eit ansvar for å gå grundig inn i hendinga og finne ut kva vi kan lære, seier Rognmo Olsen.

(©NPK)