Britisk vêrmeldar spår kraftigaste El Niño nokon gong

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Det kommande vêrfenomenet El Niño kan bli det kraftigaste i manns minne, ifølgje analysar frå det britiske meteorologiske instituttet.

– Me ventar den største El Niño på over 100 år, som når toppen på over tre grader. Det er uhøyrt i dei moderne klimaregistera, seier Adam Scaife, som er leiar for langtidsvarsling ved det britiske meteorologiske instituttet Met Office.

– Eg har aldri sett eit så intenst El Niño-signal i prognosane våre.

Dei anslår òg at 2027 kan passera 2024 når det gjeld det varmaste året registrert nokosinne.

Vêrfenomenet oppstår naturleg med 2–7 års mellomrom når overflatevatnet i delar av Stillehavet blir unormalt varmt. Fenomenet varer vanlegvis i ein periode mellom ni og tolv månader og fører til store konsekvensar over heile verda.

Meteorologane har i lengre tid åtvara om at ein super El Niño er under oppbygging.

(©NPK)