Brann-evakuerte får vende heim i Frankrike

av | 30. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-AP-NPK): 84.000 som var evakuerte frå heimane sine som følgje av den store skogbrannen sørvest i Frankrike, fekk torsdag vende heim.

Franske styresmakter meiner no å ha kontroll på flammane, og innbyggjarane i ni lokalsamfunn fekk beskjed om at dei kunne returnere til heimane sine.

Høgare luftfukt, lågare temperaturar og lett regn styrkjer håpet om å få brannen under kontroll.

42.000 hektar, eit område på storleik med Sandefjord kommune, er til no lagde i oske, men natt til torsdag vart det ikkje meldt om ytterlegare spreiing.

Over 2000 brannmannskap og 20 fly er framleis i høgaste beredskap.

(©NPK)