(NTB-NPK): Bø Sommarland stenger både Sommarlandelva og surfebølgja «Flow Rider» på dagen på grunn av ei stor rift i underlaget i surfebølgja.
– Skaden er såpass omfattande at vi dessverre må halde begge desse attraksjonane stengde på ubestemt tid, skriv Bø Sommarland i eit innlegg på si Facebook-side.
Underhaldningsparken måtte stenge måndag kveld og beklagar til alle gjester som hadde gledd seg til å bruke fasilitetane, skriv Varden.
– No set vi inn alle krefter og vil jobbe døgnet rundt for å reparere skaden slik at vi kan opne igjen så fort som mogleg, opplyser dei vidare.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103539](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/DdZS_atY27E.jpg)


0 kommentarer