Beatles-bussturistar i Liverpool fekk ei historisk overrasking

av | 21. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK) Ein guide som tek Beatles-fans med på omvising i Liverpool, fortel at turistane knapt trudde sine eigne auge då bussen stoppa ved sida av Paul McCartney på raudt lys.

Det tilfeldige møtet vart endå meir utruleg då dei oppdaga at McCartney var i ein videosamtale med den tidlegare Beatles-kollegaen sin Ringo Starr, skriv BBC.

– Det var heilt surrealistisk, seier Neil Morton, som dei to siste åra har køyrt den populære Magical Mystery Tour-bussen til ulike Beatles-attraksjonar i Liverpool.

– Vi hadde stoppa for raudt lys i Hope Street, og plutseleg såg eg Sir Paul – med Ringo på Facetime. Han vinka til oss, og alle byrja å ta bilete. Passasjerane kunne knapt tru det, fortel turguiden.

Sidan lyset framleis var raudt, fekk fansen nokre augneblinkar til å sjå popikonet.

– Ingen fekk eigentleg høve til å snakke med han, seier Morton, som klarte å snike seg til å ta eit bilete. Det er referert av BBC, og viser McCartney som vinkar til bussturistane medan han viser det heile til Ringo via mobiltelefonen.

Paul McCartney var i Liverpool for å overrekkje ei heidersutmerking til «Adolescence»-skodespelar Stephen Graham under ein seremoni ved scenekunstskulen Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA) – som gjerne blir kalla Paul McCartney-skulen, sidan Beatles-medlemmen var med på å grunnleggje han.

(©NPK)