Forbrukarprisane har stige med heile 66 prosent det siste året, opplyste den statlege kringkastaren Irib onsdag.
Dei knyter også auken til dei regjeringskritiske massedemonstrasjonane i vinter.
Auka kostnader, avgrensa økonomiske utsikter og dessutan stadig mindre tilgang på varer har sett ytterlegare press på iranarane.
Det halvstatlege iranske nyheitsbyrået Tasnim melde onsdag også om at det har vore ein kraftig auke i prisen for medisinske tenester. Sjukehus er fulle, og køane er lange, ifølgje nyheitsbyrået.
Sidan krigen med USA braut ut i februar har luftangrep frå amerikanske og israelske styrkar øydelagt viktige industrianlegg i heile landet. Stenging av internett og ei rekkje bedrifter har også påverka den økonomiske situasjonen.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104068](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/28Wch2U-tpk.jpg)



0 kommentarer