(NTB-NPK): Skogbrannane i Hellas har fått reiseselskapet Apollo til å evakuere feriegjester frå øya Lésvos, skriv VG.
Ein nordmann som VG har snakka med, seier at dei har fått eit evakueringsvarsel frå Apollo. Han er på eit hotell i landsbyen Plomári på den greske øya Lésvos og seier at det er mange skandinavar i området.
Kommunikasjonssjef Beatriz Rivera i Apollo stadfestar overfor avisa at dei har rundt 90 gjester i området ved Plomári, og seier at dei har evakuert enkelte hotell etter instruksjonar frå lokale styresmakter.
– No ventar vi på meir informasjon frå dei, seier ho.
Skogbrannane som har herja i Frankrike og Spania den siste tida, har altså også nådd Hellas.
Tidlegare onsdag kom beskjeden om at to brannmenn omkom i sløkkingsarbeid på øya Kreta, og skogbrannen på øya blir beskriven som ute av kontroll.
(©NPK)




0 kommentarer