Frp fell 0,4 prosentpoeng, men er framleis det soleklare største partiet i landet med 30,2 prosent oppslutning på septembermålinga som Norstat har gjort for Dagbladet, NRK og Vårt Land. Høgre rykkjer fram 1 prosentpoeng til 15,7.
På raudgrøn side er Arbeidarpartiet som normalt klart størst, men langt bak Frp, med 22 prosent, ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå førre måling.
Senterpartiet får eit lite løft til 6,0 prosent, medan MDG klatrar over sperregrensa til 4,7 prosent. For KrF er det verre, med 3,9 prosent og dermed ei plassering rett under den viktige sperregrensa. Venstre slit endå meir – partiet krympar med 1,2 prosentpoeng og endar opp med berre 2,8 prosent oppslutning.
SV står på staden kvil med 4,4 prosent, medan Raudt går tilbake 0,4 prosentpoeng til 7,6 prosent.
I kategorien andre parti, som består av dei mindre partia i landet, er det ein oppgang på 0,7 prosentpoeng til 2,8 prosent.
Målinga vart gjord frå 3. til 8. august. 1001 personar deltok, og feilmarginen er frå 1,0 til 3,1 prosentpoeng.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #117671 Eqnxwxmwodc](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/eqNxWxmWODc.jpg)



0 kommentarer