– Dei jublar nok ikkje i Arbeidarpartiet av denne målinga, seier valforskar Jonas Stein ved Universitetet i Tromsø til Nettavisen.
Partiet får 22 prosent i Nettavisen si septembermåling frå InFact, som er tilbake 2,5 prosentpoeng frå august.
Den store vinnaren er også denne månaden Frp-leiar Sylvi Listhaug. Frp held seg høgt og er det klart største partiet i landet med eit resultat på 31,4 prosent (–0,6).
Hadde målinga vore valresultatet, ville statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) også ha mista fleirtalet, og det ville ha vorte eit regjeringsskifte i Noreg.
Målinga hadde truleg bana veg for Listhaug som statsminister. Frp er no over dobbelt så store som Høgre, som får rekordsvake 13,7 prosent.
– Det er interessant at Frp framleis held på posisjonen som det soleklart største partiet i landet, medan Høgre framleis ligg i ein så svak posisjon, seier Stein til Nettavisen.
Ifølgje analysesjef Vegard Jarness i InFact går SV og Venstre signifikant fram frå førre måling.
Den tydelegaste utviklinga finn vi hos SV, som aukar frå 3,4 til 5,9 prosent. Det er fram 2,6 prosentpoeng.
– SV går dermed opp frå under sperregrensa i førre måling, seier Jarness.
1116 personar er intervjua etter månadsskiftet. Feilmarginen er mellom 0,8 og 3,1 prosentpoeng.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115961](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/OB7rJHXYE_4.jpg)



0 kommentarer