Forslaget inneber ein stor reduksjon av eksponeringa mot amerikanske statsobligasjonar.
USA er nemleg den største enkeltposisjonen til fondet. Får forslaget tommel opp, vil det bety at Oljefondet kvittar seg med obligasjonar til ein verdi av 80 milliardar dollar, om lag 750 milliardar kroner, har Reuters rekna ut.
Anbefalinga frå Statens pensjonsfond utland (SPU), som Oljefondet formelt heiter, er signert oljefond-sjef Nicolai Tangen og sentralbanksjef Ida Wolden Bache og blei send til Finansdepartementet førre veke.
Ho blir no teken vidare av ei ekspertgruppe som skal leggje fram rapporten sin 25. januar neste år, opplyser kommunikasjonsavdelinga i Oljefondet til NTB.
– Det er ikkje teke nokon avgjerder, heiter det derfrå.
Rapporten vil i sin tur danne grunnlaget for ei stortingsmelding som finanskomiteen på Stortinget skal diskutere våren 2027.
Oljefondet har i dag ein verdi på nærare 22.000 milliardar kroner.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #117457 Gqg1o2n0yxy](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/Gqg1o2n0yxY.jpg)



0 kommentarer